Arbejdssted: Norheimsund
Norconsult Hardanger og Voss har kontor i Norheimsund, Odda, Eidfjord, Rosendal og på Voss med ca. 50 medarbeidarar totalt. Me har tverrfaglege kontor innan prosjektering, samfunnsplanlegging og arkitektur. Bygg- og industrigruppa vår utgjer det største fagmiljøet med i alt 10 medarbeidarar. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Industri er eit av satsingsområda til Norconsult. Me har for tida stor oppdragsmengd og søkjer etter maskiningeniørar.
Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå konseptutvikling, via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon.
Me søkjer primært etter maskiningeniør i Norheimsund, men alle kontorstader i Hardanger og Voss kan vera aktuelle. Me er straks åtte tilsette i Norheimsund i dag, der ein av dei tilsette er maskiningeniør med over 25 års erfaring. I tillegg har me maskiningeniørar i Odda. Me har ambisjonar om vidare vekst i Norheimsund, og skal til hausten flytta inn i nyrenoverte lokale sentralt i Norheimsund.
Dine arbeidsoppgåver kan vere:
Konseptutvikling
Planlegging, prosjektering og gjennomføring av ulike oppdrag innanfor industrien
Prosjektadministrasjon
Kartlegging og tilstandskontroll hjå våre kundar
Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
Tverrfagleg koordinering
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.
For oss er det ønskjeleg at du:
Er sivilingeniør/ingeniør med relevant erfaring frå industrien
Har eit stort fagleg engasjement
Har solid kompetanse og interesse innan maskinfaget
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Ynskjer fagleg utvikling
Er fleksibel og ansvarsbevisst
Har gode samarbeidsevner
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Har førarkort klasse B eller har planar om å ta det
Hjå oss får du:
Gode løns- og arbeidsvilkår
Bonus knytta til selskapet sine resultat
Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
Fleksibel arbeidstid med fri i jola og påskeveka. Sju timar arbeidsdag om sommaren.
Innsending av søknad: Ta gjerne uforpliktande kontakt med gruppeleiar i bygg/industri Kåre Kalhagen Eitrheim tlf. 97 15 45 39 eller avdelingsleiar for Voss-Norheimsund Frode Atterås tlf. 92 40 76 88. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Søknadane vert vurdert fortløpande.
I Norconsult utviklar me morgondagens samfunn ved å kombinera ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Me har en heilskapleg tilnærming med utgangspunkt i lokalt nærvær og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Kvar dag betrar me kvardagen», søkjer me stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysningar. Me har over 5 600 medarbeidarar fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser me tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant annet bygg og eigendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.